Fiske i Otra
Med fiskekort frå Otra Fiskelag kan du fiske i store deler av elva Otra, frå Kilefjorden i Evje til Hartevatn ved Hovden.
Fiskekort for dei øvrige fiskevatna seljest lokalt.
I Byglandsfjorden fins det ein lakseart som kallast bleke. Elles i elver og vassdrag fins det aure, røye og abbor. I fjellvatna er det berre aure du kan få på kroken.
Sportsfiske i Bygland
Sal av fiskekort i Bygland.
Det er 18 fiskekortordningar med eit 20-tals lokalitetar for sport- og fritidsfiske i Bygland kommune. Turistinformasjonen vil hjelpe deg med å finne fram til dei ulike kortseljarane, elles følgjer det oversikt her:
Otra Fiskelag, fiske i Byglandsfjorden og Otra. Kort til sals i butikkar, bensinstasjonar, campingplassar og reisetrafikklag.
otrafiskelag.no, mobil 91609916.
Gaukhei, Søtevatn (KOT). Kort til sals i Gaukhei Turisthytte.
Halvorsvatn v/Josephsbu (KOT) Kort til sals i Josephsbu Turisthytte.
Reiårsvatn Fiskelag, Store og Lisle Reiårsvatn (og Lisle Kurteisvatn). Kort til sals i Coop Ose, ved vegbom i Ose-kleivi og kasse v/info-tavle v/parkering Reiårsvatn.
Grunnevatn Fiskelag, Heimre-, midtre- og austre Grunnevatn, Vætingstjørn. Gratis fiske i 2011.
Hovatn Fiskelag, Hovatn. Kort til sals ved vegbom Hovassvegen
Båsvatn, fritt fiske, (også med garn).
Stråndevatn, kontakt Svenn Kvaale Tlf. 37935147
Turtlivatn, kontakt Sigmund Lidi Tlf. 37935193
Prestvatn, Grådåstjørn, kontakt KVS – Bygland Tlf. 37935118
Litjønn / Gjuvatn Fiskelag, kontakt Kjell Lande Tlf. 37935265
Stemtjønn, kontakt Gunnar Olav Attestog Tlf. 37935367
Longebutjørni, Valbjørgvatn Fiskelag, Tjornstøylvatn fiskelag - kort til sals i Grendi Landhandel Tlf. 37934251
Krokvatn - Ubergstjørn, fritt fiske.
Sjallvatn - Sandvatn Fiskelag, kontakt Kai Larsen Tlf. 37934135
Husk det er Norske telefonnummer
Copyright © Byglandsfjord.dk