På Tur ved Byglandsfjordem

Byglandsfjord.dk

 På Tur ved Byglandfjorden

Draumarnuten – Bygland


Turen går langs ei gamal tømmerslepe den fyrste delen av løypa. Seinare går ein over til sti med varierande underlag. Området har eit rikt dyreliv, og er ein heldig, kan ein sjå ulike typar vilt. I enden av løypa ligg eit utkikkspunkt på

ca. 710 moh. Herifrå kan ein sjå både Byglandsbygda, fjorden og Jordalsbø.

Turen til Draumarnuten startar ved Rindane bustadfelt, 1 km aust for Bygland sentrum.

Lengde: tur-retur ca. 7 km

Tidsbruk: 2-4 timar


Flyvraket – Bygland 580 m.o.h


Den 8. september 1941 tok 4 B17c bombefly (flygande festning) av frå England for bombetokt mot tyske skip i Oslo.

Eit styrta truleg i Nordsjøen. Eit anna vendte tilbake til England sterkt skadd. Eit snudde 140 km frå Oslo.

Eit vart angripe av to tyske Messerschmitt jagarfly, og styrta her i Songedalslia på vestsida av Byglandsfjorden. Mannskapet frå England og Canada omkom. Alle flygarane er gravlagd på Bygland kyrkjegard.

Tak av frå riksveg 9 ved Storestraumen og fylg fylkesveg 304 sørover til Mele. Eller du kan take av frå riksveg 9 i

rundkøyringa på Byglandsfjord, fylgje fylkesveg 305 til Senum og så fylgje fylkesveg 304 nordover til Mele.

200 meter nord for den lille kraftstasjonen på Mele starter turen.

Fyrste del av turen fylgjer ein grusveg i ca 2 km. Vidare går det sti heilt fram til flyvraket ca. 1,5 km. Stort sett går stien på lyngbakke og litt myr. Nokre hundre meter frå flyvraket er det eit flott utsiktspunkt.


Lengde: 7 km tur-retur Stigning samanlagd: 370 meter Turtid: 2-4 timar

Vanskegrad: Middels krevjande, med bratt oppstigning dei siste 200 metarane


Fånefjell – Bygland


Starten går frå den sørlege opninga av Fånefjellstunnelen på riksveg 9.


Frå parkeringsplassen kan ein følgje den gamle vegen opp Kattedalen. Frå toppen av vegen går det ein sti over fjellet til ein rasteplass med god utsikt. Det er også mogeleg å fylgje vegen vidare, og ned att på nordsida, men den gamle halvtunnelen rundt fjellet er stengt på grunn av rasfare, og tunnelen er farleg for fotfolk. Difor må ein gå attende same veg.


Køyrevegen over fjellet er frå rundt 1840, halvtunnelen frå 1923 og tunnelen frå 1963. Tak tid til å sjå deg rundt.

Heile området har ei særs rik flora.


Lengde: 3,5 km tur-retur Stigning: 150 meter Tidsbruk: 2-3 timar


Vanskegrad: Enkel veg opp lia, sti vidare til rasteplass/utsiktspunkt

 

Horgeknipen – Bygland


Tak av frå riksveg 9 i rundkøyringa ved Byglandsfjord, og fylg fylkesveg 305 over brua til Senum. I påfylgjande vegkryss

tek ein til høgre på fylkesveg 304 gjennom Senumsbygda til ein kjem til brua over Bjørndalsbekken, som renn mellom

dei to siste husa på venstre side / nordsida av vegen. Der tek ein av og fylgjer ein grusveg 100 meter,

der ein kan parkere.


Frå parkeringa fylgjer stien ein grusveg opp Bjørndalen. Der stien delar seg, går du vidare på den merka stien, gjennom skogsterreng og opp til toppen av Horgeknipen. På vegen opp får du utsyn over Byglandsfjorden. Nesten på toppen av Horgeknipen låg det ein bygdeborg for 1500 år sidan. Det er få synlege spor etter denne i dag. Mellom trea på toppen kan du sjå mot Senum i Evje og Hornnes kommune, og i vest og nord mot Byglandsfjord og Grendi i Bygland kommune. Løypa er stengd under elgjakta.


Lengde: 4 km tur-retur Stigning: 200 meter Tidsbruk: 2-3 timar


Vanskegrad: Middels vanskeleg på grusveg og sti. Lette parti fleire stader.


Kvålsnapen – Bygland


Turen startar på gammal tømmerslepe på nordsida av fjellet. På veg opp mot toppunktet på 460 moh.

vekslar underlaget mellom skogssti og fjell.


Det er mange flotte utkikkspunkt undervegs. Sør i Byglandsfjorden kan ein sjå Presteøyne. Ein kan og sjå

mesteparten av Byglandsbygda på veg mot toppen. På andre sida av vegen, under fjellet, ligg vikinggrava Hanehaug.


Løypa startar ved RV9 ved Kjarberg, 1,5 km nord for Bygland sentrum.


Vanskegrad: Middels krevjande. Bratte parti nokre stader. Stavar vert anbefala. Ver merksam på glatte berg ved regn.


Lengde: Tur-retur 3 km Tidsbruk: 1-2 timar


Blåmerka


Tjovhola – Bygland 385 m.o.h



Løypa tek til ved riksveg 9, 500 meter sør for Neset Camping, grei parkering.


Heile vegen opp til Tjovhola er bratt, men er grei å gå i tørt skogsterreng. Tjovhola er skapt av naturen – med litt

hjelp av menneske. Ein har tatt ut mineralet flusspat i samband med koparverket i Åraksbø i gamal tid.

Opninga er 15 meter brei og 12 meter høg, og botnen skrår bratt oppover mot taket, rundt 30 meter innover.

Gamle segner fortel om tjuvar som heldt til her. Frå hola er det flott utsyn over fjorden.


Tak tid til å sjå deg rundt. Heile området har ei særs rik flora.


Lengde: 1 km tur-retur Stigning: 150 meter Tidsbruk: 2 timar


Vanskegrad:

Kort, men krevjande, med vanskelege parti. Kan vere glatt, og stavar anbefalast.


Topptur til Årdalsknapen i Bygland


Merka turløypa til Årdalsknapen startar ved Neset camping. Den første delen av løypa er bratt, og går i hovudsak gjennom skog. Siste delen av turen er over tregrensa, og Årdalsknapen ligg på 762 moh. Du kan gå samme vegen attende.

Turen tek ca. 4 timar.


Start

Eit godt utgangspunkt for turen er ei lita parkeringslomme ved riksveg 9, rett sør for Neset Camping. Herifra kan du fylgje gammal veg på skrå opp lia. Du kan òg gå rett opp frå campingplassen.


Skildring av turen

Turen startar nokså utfordrande med bratt stigning, men på godt opparbeidd kjerreveg. Sjølv når vegen snevrar seg inn til ein sti, er det tydeleg at det er gjort ein del arbeid for å få gjere den lett tilgjengeleg.


Etter kvart flatar terrenget ut, men det er nokre kneiker innimellom. I byrjinga er det skogsterreng som blir meir glissent dess høgare ein kjem. På toppen er det tilnærma snaufjell.


Den siste bratte kneika er opp til platået under sjølve toppen. Vel oppe, på det 762 meter høge fjellet, finn du lune søkk i terrenget bak toppen, der du kan nyte nista og kaffen.

Tur-retur er løypa på totalt 7,8 km.


Krav til utstyr

Sidan turen går i bratt terreng og på snaufjell er det ein fordel med gode fjellsko. Elles bør ein vere generelt førebudd på at vêret kan skifte raskt.


Stien går fleire stader over opent fjell, noko som gir fin utsikt sørover og mot vestsida av dalen. Difor er fotoapparatet ein viktig del av turutstyret.


Utsikten Landeskogen - Bygland


Starten er ved Rv9 på parkering ved Årdal kyrkje.


Følg vegen mot Landeskogen. Landeskogen vart opna rundt 1916 for pasientar med tuberkulose.


I åra etter opninga vart eit nett av turstiar opparbeidd av personar på sysselsetting. Desse turstiane var lette å gå på

for pasientane. Tuberkulosesenteret vart lagd ned i 1961, og i 1962 opna det opp att som senter for psykisk utviklingshemma. Den opphavlege "Kjærlighetsstien" gjekk frå Byglandsfjorden opp til Utsikten, men seinare vart alle stiane til kjærleiksstier med dei tallrike beilarane som vitja systerheimen Kåken. Stien er lett å gå, og frå toppen har ein flott utsikt over Byglandsfjorden. På turen ned att kan ein vitje fredssenteret på Landeskogen. Følg vegen ned att til parkeringsplassen, og sjå gjerne runesteinen ved Årdal kyrkje før de køyrer vidare.


Vanskegrad: Enkel, på god opparbeid sti utan særleg stigning.


Copyright  © Byglandsfjord.dk